Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Takketale av Kåre Lode

Fangenes testamente
Lørdag 09.06.07
Kåre Lode

Dette blir ikkje ei vitskapleg framstilling av eit emne, men det er snarare eit personleg vitnesbyrd. La meg først få takka alle dei som på ulike måtar har vore med på å gjera denne dagen til ein fest. Så vil eg takka dei som risikerte livet for at det skulle vera muleg for ein liten gut som meg til å få håp over framtida si, for eg var berre to år då krigen var slutt.

Det er nokre av dykk her som har vore i konsentrasjonsleir av di dei gjorde det som tida kravde av dei, og som har betalt ein skyhøg pris for å vera ærlege mot seg sjølv og mot folket. Det er vanskeleg å forstå at de skulle heidra meg.
 
Det var uventa å få denne prisen. Eg hadde aldri tenkt i dei banane, at eg skulle få ein pris av denne typen. Takk for fine ord. Dette skulle mor fått høyrt, men ho visste nok at det var slik, for ho sa alltid at Kåre var ein kjekk gut. Men eg har vore sterkt opptatt av problematikken og har lese ein god del om krigar og konfliktar, sett filmar og bilde av menneskeleg liding, ikkje minst frå den andre verdenskrigen. Og eg har levd midt oppi det når eg nå i snart fire år har vore rådgjevar for eit stort program for reintegrering av barnesoldatar i dei fire nord-austlege provinsane i Kongo. Det var sannsynlegvis over 40000 barnesoldatar i Kongo. Av desse var om lag 40% jenter. Dei fleste er nå demobiliserte eller dei har desertert, men det finst ennå nokre tusen i kampavdelingar. Dei fleste av desse har ennå ikkje fått hjelp til å koma tilbake til samfunnet igjen.

Eg er også rådgjevar for eit prosjekt som tar sikte på å avvikla den største av desse gruppene, som også har barnesoldatar, gjennom dialog, og det er kyrkjene som skal gjennomføra dialogen, den er forresten alt i gang. Dette er finansiert av UD, og skjer i samarbeid med FN, regjeringa i Kongo, toppleiinga i den afrikanske unionen, dei nasjonale protestantiske kyrkjeråda i Kongo, Rwanda, Uganda og Burundi. Men det er det protestantiske kyrkjefellesskapet i provinsen Sør Kivu i Kongo, som tok initiativet og som styrer det heile og som er i ferd med å organisera dialogen på grasrota saman med den katolske kyrkja, det islamske samfunnet i Aust-Kongo, kimbangistkyrkja og paraplyorganisasjonen for det sivile samfunn. Kven er det det dreier seg om? Jo 20-25000 veltrente militssoldatar frå Rwanda som blir skulda for å ha stått bak folkemordet der. På Nordflanken er det mindre grupper av The Lord’s Resistance Army, som er blitt pressa inn i Kongo og i sør er det kan henga så mange som 2000 frå den nasjonale frigjeringsfronten i Burundi. Dei plyndrer og voldtar i stor målestokk. Livet er ei konstant katastrofe for folk. Mandag til onsdag i denne veka var eg i Bukavu i Aust-Kongo på ein internasjonal konferanse om desse militsane.

Kongo har opplevd den verste krigen sidan 2. verdenskrigen med om lag 4.000.000 drepte, 3.000.000 internflyktningar og over 2.000.000 flyktningar.

Synd er eit religiøst omgrep. I syndsvedkjenninga i kyrkja seier me at eg kjenner lysten til det vonde i mitt hjarta. Dette er eit spørsmål om tru, men tru, kjensler, verdiar og intuisjon er også element som me alle bruker til å forholda oss til verda rundt oss med. Det ikkje berre intellekt og logisk tenkning som fører til erkjenning. Me må bruka alle dei reidskapane me har for å fatta omfanget av det vonde i livet, for å kategorisera det slik at det er muleg å forholda seg systematisk til det for å kunna kjempa i mot det og i kommunikasjon for å kunna stilla andre overfor utfordringa om å seia nei til det vonde og ja til det gode. Det må aldri bli slik at dei vonde kreftene i livet skal kunna utvikla seg utan mottiltak

Eg har undervist ein del i menneskerettar. Det er ikkje berre eit fag, det dreier seg om grunnlaget for eit verdig liv. Dersom me ikkje kjemper for desse rettane, så vil me mista dei litt etter litt. Det er umoralsk å berre vera tilskodar til livet.  Det er berre ein måte å styrka posisjonen til den posisjonen som menneskerettane har i vårt samfunn: å kjempa for det gode.

Det er ei forferdeleg erfaring at ein av dei leidande kulturnasjonane i Europa kunne organisera industriell avliving av menneske, og dei fann medhjelparar i alle land inkludert Norge og at det same skjedde i Sovjetsamveldet samstundes. Det var ei forferdeleg erfaring at dette kunne skje igjen på Balkan i vår tid. Utan å prøva å laga lista fullstendig vil eg berre nemna Kambodsja, Kongo og Darfur. I dette bildet har det utvikla seg nye trendar av vondskap med systematisk voldtekt og seksualisert vold, der kvinner i større grad enn før blir offer, ikkje avdi dei er stridande (nokre av dei er det og), men avdi dei er kvinner. Barn blir brukt i krig og barn og kvinner er blitt handelsvare i våre samfunn. Og eg kjenner lysten til det vonde i mitt hjarta.

Nordahl Grieg skreiv i eit dikt ei verseline som eg ofte har tenkt på: ”…det fødtes i oss en visshet: frihet og liv er ett…”. Det var ikkje eit logisk byggverk som førde til den konklusjonen, nei ”det fødtes i oss en visshet”. På same måte er det lenge sidan eg kom til den erkjenninga at dersom det ikkje finst rimeleg klare juridiske og sosiale sanksjonar som er basert på eit sett med verdiar som gjev løn for det gode og straff for det vonde når me trør skeivt, frå tidleg barndom til den siste alderdomen, så har me alle i oss muligheten til å bli brutale bøller. Sanksjonane må vera tilpassa alder og andre aktuelle forhold, men dei må vera der.

Men på same måten som fred er noko langt meir enn fråvær av krig, så er kampen mot det vonde ikkje berre sanksjonar mot dei som begår overgrep. Det er ei aktiv holdning til livet som har minst tre element:

  1. å gjera det vanskeleg å begå overgrep mot andre
  2. å hjelpa ofra for menneskeleg vondskap på vegen tilbake til livet
  3. og ikkje minst å bidra til at samfunnet sine ressurser blir brukt til å legga gode føringar slik at det gode blir attraktivt og at livet kan bli godt å leva

Min strategi i dette arbeidet er ikkje å løysa problema for folk, men å leggja til rette for at dei som er offer for urett og vondskap kan få arenaer der dei kan leggja dei grunnleggande føringane for dei langsiktige løysningane, som dei sjølve trur på, og at desse langsiktige løysningane skal medføra så liten risiko som muleg for dei som strir den gode strid. Eg er stolt av at så langt eg kjenner til, gjekk det ikkje eit einaste menneskeliv tapt i prosessen med å få det økonomiske og sosiale livet i gang igjen i Mali i eit område det det var eit maktvakum, men der det krydde av automatvåpen.

I Kongo er korkje FN eller den nasjonale hæren sterke nok militært til å driva militsane frå Rwanda, og assosierte grupper, ut av landet. Den nasjonale hæren gjorde eit mislukka forsøk. Resultatet var at begge dei stridande partane i staden satsa på plyndring og voldtekt i stor stil. På den arenaen var begge to sterke nok. Nå er dialogen i gang, frå den øverste topp og inn i den minste avkrok der desse militsgruppene held til. Målet er å få til ein frivilleg og fredeleg retur til heimlandet.

Møtet med barnesoldatane er vanskeleg. Eg veit kva ei har vore gjennom. For jentene er vegen tilbake til ein normalt liv svært vanskeleg. Eg sto og såg på ei gruppe på 10-12 jenter i ein by som heiter Kindu. Dei fekk psykososial hjelp for å bearbeida traumer, men akkurat nå heldt dei på å læra seg dei grunnleggande ferdighetane i skreddaryrket. To av dei var ganske små, eg spurde kor gamle dei var. Ei var ni år og ei var ti år. Nå var dei ferdige med militærtenesta si og skulle læra eit yrke som dei kunne leva av. I begge tilfelle var begge foreldra drept under krigen. Dette greidde eg ikkje. Eg begynte å grina og måtte gå bort. Eg er morfar til to jenter som var åtte år den gongen og såg for meg dei i denne situasjonen. Så blei eg roleg og gjekk tilbake og sa til leiaren av gruppa at me måtte finna ei anna løysning for desse. Dei måtte ha rett til å vera born, til å leika og å gå på skole og til å bu hos ein familie der dei var velkomne, og slik blei det.

Eg gjorde ei spørjeundersøking mellom barnesoldatar i Kongo og fekk 171 svar, 104 frå gutar og 67 frå jenter. Eg skal berre kommentera to av resultata her. Ein gut og ei jente var blitt rekrutterte når dei var fem år, men dei fleste var 11-14 år når dei blei rekrutterte. 73% av jentene og 89% av gutane sa at dei hadde gått inn i dei væpna gruppene frivilleg. Men det er lett å manipulera born i 10-12 års alderen slik at dei trur at dei gjorde dette frivilleg. Det er det same fenomenet som me finn ved overgrep mot born i vårt samfunn. Borna trur at det er dei som har skulda. Eg besøkte ei gruppe på 32 unge jenter som dreiv eit grønsaksdyrkings-prosjekt som dei skulle leva av. 31 av dei hadde babyar eller ganske små born som dei hadde fått i mens dei var i krigen. Alle var overtydde om at dei hadde meldt seg frivilleg og at det var dei som hadde skulda. Det var familiane og folk i landsbyen også overtydde om. Dei var uglesett i landsbyen, men dei hadde fått tildelt god jord og dei visste at det var deira skuld. Eg ba prosjektleiaren om å invitera heile landsbyen til ein samtale om den nære fortida, slik at dei kunne setja ord på ting, og ikkje dra med seg så store bører at dei ikkje blei i stand til å bygga ei god framtid for alle.

Dei to jentene i Kindu kjem eg aldri til å gløyma. Mellom tusen svarte barneansikt trur eg at eg skulle ha greidd å plukka ut akkurat dei to. Eg har for første gong fått nokre bører som eg ikkje greier å legga heilt av, men dei er ikkje verre enn at eg kan gå videre på vegen og gleda meg til kvar ny dag. Problemet er berre at det er så mykje som skulle vore gjort, og døgnet har ikkje meir enn 38 timar for meg heller.

Så henter eg ofte inspirasjon frå profeten Esaias si bok. Det er ingen bibelstad eg har lese oftare enn kapitel 58: v 3-8 Gudsdyrkinga i Israel hadde stivna i former og ritualer og dei kjende på seg at Gud var langt borte: Då klaga dei til Gud:

Kvifor ser du ikkje at vi fastar, og ansar ikkje at vi plager oss?”

Så svarer profeten på Guds vegne:

”De kjøper og sel på fastedagen og driv arbeidsfolket hardt. Når de fastar, er det kiv og strid med hogg og slag av gudlause nevar. De faster ikkje så i dag at bøna dykkar kan høyrast i det høge. Er dette den faste eg vil ha: ein dag då mennesket plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt og ligg i oske? Kallar du dette for faste, er det ein dag etter Guds vilje?

Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne. Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, snart skal dei lækjast og gro dine sår. Di rettferd skal gå føre deg og Herrens herlegdom sist i ferda.”

Då eg var ung hadde eg vanskeleg for å ta avgjerder og blei passiv framfor utfordringane. Mor dreiv systematisk med å legga inn verdiar og holdningar i oss borna gjennom bibelvers og ordtak. Mor sitt svar på dette fenomenet med passivitet hos meg var ordtaket ”Den som intet våger, intet vinner”. Eg høyrde dette så ofte at det å våga og å vinna blei ein livsstil. Med ansvar for ein stor barneflokk som levde i ekstrem fatigdom i åra rett etter krigen, gav ho bort ein arv som tilsvarte ei årsløn. Det var Tysklandshjelpa som fekk den. Det fekk eg greia på då eg var 13 år og stilde mor til rettes. ”Dei trong det meir enn oss. Dersom livet skulle bli godt igjen, så måtte me rekka ut ei hand til dei som var fiendane våre.” Eg hadde ingen motargument. Takk til mor som la slike verdiar inn i meg.

Så er eg så heldig å ha kona mi her i dag. Eg har nok ikkje alltid vore så lett å ha med å gjera, men me har greidd oss me to. Eg er glad i deg Else. Du kjemper den same kampen på din arena. Du har bore din del av børa og har din del av æra for at det har gått godt til nå. Takk for at du er den du er.

Takk til dei som spelte og song. Det sette eg stor pris på. Det fall i min smak. Mange takk.

Takk til alle som kvar på sin arena kjemper for det gode og i all audmjukhet vil eg få takka for at eg har fått denne prisen.