Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør
tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99
Send epost til oss
Møte med borna frå Lidice |
Tekst og foto: Ivar Longvastøl Lidice i Tsjekkia:
Minnesmerket over dei 88 borna som brutalt vart myrda av Adolf Hitler, og hans medhjelparar, gjorde eit sterkt inntrykk. I 1942 vart dei tvinga inn i godsvogner og frakta som kveg til Polen. Inne i vognene møtte dei døden, gassa i hjel med eksos. I hellinga er det satt opp skulpturar av mange av borna frå Lidice,
forma i metall fra gruvene like ved, der mange frå landsbyen
ein gong arbeidde. Eit klassebilete som var teke like før
tragedien råka, har gitt kunstnaren eit godt utgangspunkt
for arbeidet. Borna frå Lidice: - Eg såg ansikta deira kor håplaust alt var. Anne Karen Røyrvik (f.v), Janne Seljevoll og Tore Klopstad, alle 15 år, vart ståande lenge ved minnesmerket Mål: UtslettingMarerittet tok til då Reinhard Heydrich, nazimaktas
riksprotektor i Praha, vert drepen av tsjekkiske agentar
som hadde kome over frå England. Berre ein mistanke
om at nokon av innbyggjarane i Lidice stod i leietog med
agentane, var nok til at landsbyen vart omringa av politi,
Wehrmacht og Gestapo. Dagen etter vert alle mennene ned til
16 år avretta ved skyting. MeiningslaustDå 32 tiendeklassingar og 22 vaksne fra Naustdadl besøkte Lidice, vart tre elevar ståande igjen ved skulpturane lenger enn dei andre. Eg synest ganske synd på dei. Det er heilt meiningslaust å utrydde ein heil by, sier Tore Klopstad Det kunne ha vore kven som helst som budde der, men det var berre personar som var på feil plass til feil tid, seier Janne Seljevoll. Eg såg på ansiktsuttrykka til ungane. Eg såg på ansikta deira kor håpløst alt var. Fortell Anne Karen Røyrvik. Aldri meirDet er femte året på rad at Naustdal
barne- og ungdomsskule reiser med Aktive Fredsreiser, tidligare
Hvite Busser, i fara etter nazismen i Polen, Tsjekkia og
Tyskland. Temaet for desse turane er "Aldri meir", der kampen
mot rasisme og nazisme i dag også står sentralt.
Med Krakow, Praha og Berlin på køyreplanen,
er dette også ei fantastisk reise gjennom Europas kultur
og historie. Ovenstående er gjengitt med tillatelse av Ivar Longvastøl. Om denne turen har Naustedal Barne- og Ungdomsskole gitt følgende tilbakemelding: Kombinasjonen av et viktig og alvorlig tema, det sosiale fellesskapet mellom deltagerne og en flott og lærerik reise gjennom Europas kultur og historie gjorde dette til en stor opplevelse!! |