Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Den raude sandalen.

Av Even Tråen

Dei hadde samla sko i Auschwitz, skoene til dei som var drepne. Tusenvis av sko er lagt i ein monter som ei utstilling.
Eg sto framfor skohaugen ei lita stund for meg sjøl - midt i alt det brune fekk eg brått auge på ein liten raud sandal. Det hogg i meg, - dette synet av ein ein liten jentesandal kjente eg bevega meg.

Han var raud som sagt, med reim og spenne, framover mot tærne var det opne spalter på kvar side av eit midtfelt.

Sandalen tok meg med til ei lita jente, eg var brått i Ungarn i 1941. Eg såg ein landsby der ei jente sat i huska si, ei huske faren i kjærleik hadde hengt opp i lindetreet på gårdsplassen. Jenta svevde i sommardagenen, vinden lyfte håret hennar slik at det slo glinsande mot ansiktet hennar. Augene til jenta var på sandalene dei var nye.
Eg såg jenta hoppe paradis, og ho var så lett på foten alt i glede over dei nye sandalene ho nett hadde fått.
Så såg eg ho trippa lett på fot innatt til mor og far, jublande glad.
Med eitt kom ho til meg. Ho sto framfor meg smilande, med mørke augo, håret henna var
Fletta av mora i kjærleik .

"Hadde eg visst" sa ho, "hadde eg berre visst korleis det skulle ende så hadde eg gitt bort sandalene den dagen vi måtte reise"

"Hadde eg visst, ja hadde eg berre visst, ville ge gjort mykje om att, eg ville aldri ha kalla andre stygge ting, da ville eg hugsa på å ta alle med i leiken"
Så vart ho borte.

Vi gjekk vidare til Birkenau, der jernbanesporet enda langt borte ved krematoriet. Og der oska av alle millionane framleis ligg i grunnen,

Ein spurv dreiv med reiret sitt under mønet på ei av fangebrakkene, og eg plukka med meg ein lite blå blome.

Kloke og alvorlege forlot vi leirane, med ein liten blå blome og fuglekvitter i øyro.

Livet lever vidare på oska av alle menneska.