Honningsvåg ungdomsskole vann tyskkonkurranse
Årstad videregående skole i Bergen, Honningsvåg ungdomsskole og Straumsnes skole på Nordmøre blei kåra til vinnarar i den landsomfattande konkurransen om beste klasseprosjekt med tysk språk og kultur som tema. Konkurransen blir arrangert av Nasjonalt ressurssenter for tysk ved Universitetet i Oslo.
Årstad videregående skole vann klassen for dei eldste elevane med forslaget sitt til korleis tyske turistar kunne lokkast til Bergen. Estetikkelevane frå Bergen hadde laga flotte plansjar med til dømes Bryggen og Mariakirken som blikkfang, og denne reklameframstøyten for Bergen gjekk altså rett heim hos juryen.
Vinnaren i klassen for ungdomsskulen, 9. klasse ved Honningsvåg ungdomsskole, hadde laga ein satirisk film om tyske turistar på besøk på Nordkapp. Det var andre gong på rad at Honningsvåg ungdomsskole vann klassen for ungdomsskulen.
Begge desse skulane får 40 000 kroner i førstepremie, gitt som gåve av den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga og Nasjonalt ressurssenter for tysk. Pengane må brukast til ein klassetur til eit tyskspråkleg land.
Det var også ein eigen klasse for barneskulane. Trass i at dei ikkje har tyskundervisning, klarte elevane i 5. klasse ved Straumsnes skole på Nordmøre å skipa til ein eigen kulturkveld med tyskspråkleg litteratur og visesong. Videopptaket av dette kulturtiltaket gav klassen førstepremie i klassen for barneskular. Premien blir eit klassesett med drakten til det tyske fotballandslaget, gitt av Den tyske ambassaden i Noreg.
Ytterligare ni skuler i heile Noreg vann premiar i konkurransen. Berlintur med Aktive Fredsreiser, t-skjorter fra Deutscher Sportbund og språkspelet New Amigos er nokre av dei attraktive premiane som lokka nesten 1200 elevar til å delta i konkurransen.
70 prosjekt
Dagleg leiar Åse Frivold i Nasjonalt ressurssenter for tysk ved UiO, er svært nøgd med oppslutnaden om konkurransen, som blei skipa til i nært samarbeid med Den tyske ambassaden.og Goetheinstituttet i Oslo.
- Me fekk inn over 70 svært gode prosjekt om både Tyskland, Austerrike og Sveits. Juryen hadde ein både spennande og interessant jobb, men også ei vanskeleg oppgåve med å kåra vinnarane i alle aldersgrupper. Dette var ikkje lett, så me var skjønt einige om at det eigentleg burde ha vore over sytti premiar i denne konkurransen, seier ho.
Her ser de resultata av Klasseprosjektkonkurransen
2003:
5.-7. klasse:
1. Elevane i 5. klasse ved Straumsnes skole
2. 6. og 7. klassingar ved Bryne skule og Ramsund skole deler
andrepremien,
4. 6. og 7. klassingar ved Langestrand skole og Årnes
skole
8.-10. klasse:
1. 9. klasse ved Honningsvåg ungdomsskole i Nordkapp kommune
2. Klasse 8c ved Tjøme ungdomsskole og 9. kl. ved Skjevik ungdomsskole
4. 8.-10. klasse ved Straumsnes ungdomsskole,
1.-3. klasse i den vidaregåande skulen:
1. Årstad videregående skole, 1est a/b,
2. Halden vgs, 3TYC, og Fagerlia vgs, 2AF3,
4. Sandnessjøen videregående skole, 2TYB,
Juryen var sett saman av fylgjande personar:
Barbara Dick, Den tyske ambassaden i Oslo
Reinhard Leusing, Goethe-Institut Oslo
Ingunn Tveide, Nasjonalt ressurssenter for tysk
Christiane Urban, praktikant ved Goethe-Institut Oslo
Åse Frivold, Nasjonalt ressurssenter for tysk