Skoleturar kan halde fram

Tale/artikkel, publisert 13.02.2008
Av: Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Den siste tida har det komme rapportar om at skular har avlyst skoleturar. Utdanningsdirektoratet sende i november i fjor eit brev til alle fylkeskommunane der det vart presisert at elevar eller deira føresette ikkje kan bli pålagde å dekkje kostnader som gjeld skuleturar. Mange oppfatta dette slik at alle former for pengar frå elevane til skuleturar no var ulovleg.

Bård Vegard Solhjell

Den offentlege grunn- og vidaregåande opplæringa skal vere gratis for elevane. Dette er lovfesta i opplæringslova § 2-15 og § 3-1. Begge desse reglane har vore endra sidan opplæringslova vart vedteken i 1998. Gratisprinsippet har blitt presisert til å omfatte leirskule for grunnskuleelevar og er utvida til å omfatte læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring.

At noko skular no har sett seg nøydde til å avlyse skoleturar, gjer det viktig å understreke at frivillig betaling og andre pengetilskott til skuleturar som kjem alle elevane til gode, har vore, og er framleis lovlege. Det er framleis høve til å samle inn pengar til ei klassekasse gjennom dugnad, kakelotteri og kronerulling. Ein kan òg samle inn pengar frå elevane så lenge dei ikkje blir pålagde å betale, men det er viktig at alle får vere med på den aktuelle turen uavhengig av betaling.

Ved innsamlinga må ein syte for anonymitet så langt det er praktisk mogleg for å unngå unødig press til betaling.

Ein skuletur kan være ein verdifull del av opplæringa. Derfor må alle elevane få høve til å delta, uavhengig av den økonomiske situasjonen til dei føresette. Skuleleiarar, lærarar, foreldre og elevar har i dag eit stort spelerom til å organisere og ta frivillige initiativ som kan gjere det mogleg å få til skuleturar som medverkar til auka motivasjon og læring. Eg vonar skulane veit å nytte dette spelerommet slik at ingen skuletur treng å bli avlyst.

 

Aktive Fredsreiser

Aktive Fredsreiser baserer sin ideologi på FNs verdenserklæring om menneskerettigheter, og vi forholder oss til FNs tusenårsmål 2000 - 2015 i vårt engasjement.

Vi har valgt et menneskerettighetsperspektiv for våre turer. Dette har mange årsaker, blant annet at menneskerettighetene ble til på bakgrunn av hendelsene under andre verdenskrig. Menneskerettighetene er derfor et godt pedagogisk redskap for å få elevene som er på tur med oss til å reflektere over hendelser i dag, i lys av historien.

Om oss
Sitemap

Personvern

Personvern og cookies.
Les om våre retningslinjer for cookies

Kontakt

Telefon:
(+47) 3715 3900 / 952 38 199

Epost:
kontor@aktive-fredsreiser.no

Postadresse:
Postboks 19 N- 4951 Risør

Besøks adresse:
Fredshuset, Kranveien 4B, 4950 Risør Norge
Foretaksnummer: 984 660 030
1998 -2024 © AKTIVE FREDSREISER - TRAVEL FOR PEACE